Opplæring må seinast vere betalt 2 dagar før oppstart. Møter du utan å ha betalt, får du ikkje gjennomføre aktiviteten og må betale 50% av summen. Har du ikkje moglegheit til å betale må du ta kontakt med trafikklæraren din seinast 2 dagar før avtalt time. Du kan betala via nettbank eller med Vipps. Hugs at ved betaling med Vipps vert det lagt til 1,95 % av summen. Nyttar du nettbank er det samme KID- og kontonummer ved kvar betaling. Dersom vi må sende rekning til deg, såkostar det kr. 80,- pr. rekning. Det vert altså meir økonomisk for deg å enten betale etterkvart, eller betale på forskot. Normalprosedyren skal vere slik at ein ikkje startar på eit nytt trinn før ein har gjort opp for tidlegare opplæring.

Dersom ikkje all opplæring er betalt innan førarprøven, så vert denne utsett til du har gjort opp for deg!

Det er lett å fylgje med på din konto hjå oss. Dersom andre betalar for deg, må du sørge for at dei kjenner vårt opplegg.

tabselev.no